Litt meir seterprat - Om Vårsetra, sættmjølk og storsuppa
Fra Vestnes Sogelag Årskrift 1994
Av Ingeborg. L Bø
Det er ikkje so ovende lenge siden gardbrukarane i Bø i Innfjorden hadde seter midt framme i bygda. Der var dei fire veker om våren før dei reiste på fjellet, so tre veker om hausten etter at dei kom ned av fjellet.
Eg har vore på haust- og vårsetra mange gonger. Dei kjære kyrne har vore med jamt der eg har fare. Kyrne visste å fare, og eg trur dei kjende på seg at no bar det avstad igjen snart.
Dei talar om å vere dum som ei ku. Kua er slett ikkje dum, og dei er snille og hjelper kvarandre når det røyner på.
Ein dag sat eg inne i bua med eit handarbeid, fekk eg med eitt høyre slik bjølleskrangling og
rauting ute. Eg kjende bjølla. Handarbeidet for sin kos. Eg opna døra. Der kom dei i ein viss
takt ned or skogen, tre stykke, bjøllekua og to andre. Dei kom heilt bort til dørhella. Men den
eine var so rar. Det var Nettelin. Ja, no såg eg det. Ho hadde horn Nettelin. No stod det att
berre ein raud beintapp og det blødde fælt. "Stakkars kua mi", sa eg og klappa henne, "kva skal vi gjere?" Dei hine to undra seg visst ogso på kva eg ville gjere. Dei såg so spørjande på meg.
Eg sette Nettelin inn i fjøset og hiva meg på sykkelen for å fare heim etter bandasje. Det var veg til vårsetra. - Dei to andre kyrne rusla opp i skogen att. Dei hadde no fullført misjonsgjerninga si.
På Vårsetra brukte dei å koke ihop den mjølka som skulle være til sættmjølk. Når kyrne var på fjellet, var det mjølketørt heime. So laga dei sættmjølk. Den mjølka skulle kokast i to timar.
Dei hadde ei treringje for å ha tetta i. Dei la tettegras på botnen i ringja. Tettegras vaks i blautlende, i Berildmarka, straks framfor sommarfjøsane deira vaks det då eg var ung, og på Røsta, vestanfor bua vår der kjeldevatnet seit ut i myra. Blå blomster på.
Somme tider såg det ut som det vart tette av seg sjølv i ringja ein hadde. Sikkert var det då av den grunn at kyrne hadde tettegras.
I gamle, gamle dagar tok dei store svartsniglar og la på botnen i ringja, det skulle vere bra.
Det blei rekna for stort at ein hadde fått tette, og når det spurdest at den eller den kona hadde oppnådd det, kom det jamt fleire og ville låne eller få.
So vart sættmjølkstampen kledd innvendig med denne stive, seige mjølka. Stampen mor mi hadde, tok 50 liter. Og når den var full, var dei sikra mjølk heile sommaren.
Når dei skulle bruke av den, tok dei varsamt nedmed ein kant og blanda den ut med vatn, mykje eller lite, etter so tjukk eller tynn ein ville ha den. Det vart grautasul, soll eller beintfram tørstedrikk i slåttonna.
Når stampen stod - i spiskammerset - slo dei varsamt, varsamt litegrann vatn nedpå so ikkje luft skulle kome til. Dei la eit flattlokk nedpå og slo på lokket, so flaut vatnet fint, fint utover. - Dei tok ein klut og tørka rundt kantane for fluga si skuld.
På Vårsetra køyrde dei elles mjølka kvar dag til meieriet som låg lenger nede i bygda. Der laga dei smør som dei sende til England.
Skummamjølk fekk visst bondane med seig heimatt. På haustsetra hadde dei storsupe av og til om kveldane. Jentene gjekk saman i ei bu, hos henne som koka supa den kvelden. Storsupa vart koka av kveldsmålet. Det var gode saker.
So sat dei og drygde seg og åt ilag. Men utanfor døra deira for nokre unggutar nede frå bygda og heldt leven. Dei visste kva som gjekk for seg inne, men dei vart ikkje innbedt. Det var stor skam, tykkjer eg. Dei hadde kome like langt både jentene og gardbrukarane om dei hadde fått smaka supa. Dei vart kalla galningar, dei. - Men dei visste å hemne seg.
Seterjentene gjell alltid i sokkelestane (strømpelestane) inne på buagolvet. Treskorne stod ute på steinhella.
No tok gutane kvar einaste ein av dei og for langt opp i skogen med dei. Jentane fekk eit fælt arbeid for å finne dei att.
Ei tid var Vårsetra utfartsstad og stemnestad. No vil dei plante gran og setervollen. Då vert det ikkje slåttemark eingong.
Tider kjem og tider går,
ein mange rare spørsmål får.
Kva er vel lukke i verda vide?
Kva gjev deg mest i ulike tide?
Av ymse tilhøve kva er vel best?
"Veit ikkje, veit ikkje" svarar dei flest.
|
|