Ja, slik var det vanleg før
Fra Vestnes Sogelag Årskrift 2002
Utdrag fra ein prolog som vart skreven til vigslingsfesten på Vestnes trygdeheim i Åsbygda. Elisabeth Sønstabø skrev teksten.
Matmor var aldri fri eller frank. Føråbit: Klining og skjør.
Frukost var kjøtsupe kokt på ein skank. Middag, var graut det, før.
Nonsmat: Då steikte dei felsk attåt brød. Brød låg i firdobbel leiv.
Vellaga kveldsgraut til arbeidskar, koka godt supatjukk, stampa heilt hard -
då galdt det vera hendig med tvare og sleiv.
Slaktetid var mest ei onn for seg. Det var ikkje fryseri.
Det fans ikkje kjøtkvern, men trau av tre til å hakka opp kjøtet i.
Ein hakka med øks. Det gjekk ikkje svint. Men deigen var saftig og god.
Me æra maten og stelte fint, - pølse av kjøt og av blod.
Ja, blodpølsa du, du kan skrive opp det, for det var ein nyttig ting.
Ho sto seg så godt, og mygla 'kje te, når ho gøymdest med kornet i bing.
To gonger i året, til slåtten og jul, bryggja me øl av bygg.
Det trongst ikkje berre humle og malt for å få til eit heldig brygg.
Bryggekaret sku vere så blankt, då bruka ein syre og salt.
Har du litt krefter så kjem du vel langt,
krefter til pussing gjer solskin av mangt
om enn det er aldri så galt.
...
Det var ikkje brus og Cola med strå og snoping i ny og ne.
Kubbsild og tørrfisk me tygde på, og fann oss tilfreds med det.
Det var ikkje vanleg med bærtre og frukt,
med grønnsak og allsalgs gras.
Ein mann ifrå Fiksdal ga meg eit tips: I Åsbygda kjøpte han ein spisspose rips
då han gjekk for presten og las.
...
Åtte femti for tynna av rug, for kornet - ikkje for mjøl.
Dei fleiste hadde ei råd med det, for kornet det mol dei sjøl.
Femti øre for kaffimork, det same for Langgaards skrå.
7 øre for ein kaffikopp og 3 for å fylle på,
ører 10 for tallerken graut, 7 for ein mjølkekom'.
Femti øre for lår av naut, det gjekk det gjetord om.
7 heile øre for seien stor, ikkje filet eller is.
Me selde han heil, det var visen slik.
då prisen vart 10, vart det ramaskrik,
for det var ein skammelig pris.
|
|