| Potetkaker / lompe | |
Potetkaker (eller lompe) er utnytting av den kokte og poteta etter middagen: var det poteter att, vart det som regel òg kaffimat. Potetkaka vart servert med litt smør og sukker eller sirup på.
For at potetkakene skal bli fine, må potetene malast gjennom ei kvern både to og tre gongar. Dette vart ikkje alltid gjort til kvardags: Då brukte dei gjerne ein gaffel til å knekke potetene med. Mal dei kokte potetene, kna dei godt i litt mjøl så mykje at dei kan kjevlast ut. Har du ikkje kjevle kan du klappe dei ut med fingrane. Stikk potetkakene ut med eit rundt lokk, ei skål eller liknande. Steik dei på svak varme enten på ei takke eller ei steikepanne. Potekakene blir best om du malar potetene når dei er litt varme, og brukar lite mjøl. (Fra Marit Dyrstad sin hjemmeside, Kokebok fra Nordfjord) |
|
| Du finner denne oppskriften igjen på: http://tradisjoner.no/oppskrift769.html |
|