tradisjoner og tradisjonsmat
 Hjem
Ein syr ikkje silkepung av hampegarn.       
Gå nederst på siden




















OPPSKRIFT

Lagt inn den 25.11.2002
Sendt inn av Magnus Thor Magnusson
Print ut oppskriften Send denne oppskriften til en bekjent
Heimelage lut


Luten vert laga av oske frå omnen eller eit bål, og det skal helst vere oske frå rein bjørkeved. Dersom du ikkje har bjørkeved, kan du bruke den oska du har - f.eks. frå osp. Ta ut oske kvar dag. (Vert oska brent fleire gongar, kan du ikkje bruke ho). Sil oska slik at det ikkje kjem kol ilag med. Slå vatn på oska du har samla og kok dette i 2 - 3 timar. Kok det til væska blir blank og glatt. Sett gryta til sides slik at oska søkk ned på botnen av gryta og luten vert liggande oppå. Sil dette gjennom ein klut slik at ikkje noko oske vert med i luten. Luten vart blanda ut med passeleg mengde vatn. Tidlegare duppa dei fingeren nedi blandinga og prøvesmakte: når blandinga svei på tunga, var det passeleg.

(Fra Marit Dyrstad sin hjemmeside, Kokebok fra Nordfjord)

Antall treff: 2805
Flere oppskrifter fra denne kategorien

Søk i over 200 norske nyhetskilder hos Kvasir.

Besøk ABC Matoppskrifter
Valid HTML 4.01! © Magnús Þór Magnússon 2002 - 2005 Gå øverst på siden