Denne oppskrifta kjem frå Stryn (
atoppskrifter frå eldre tid i Indre Nordfjord). Dravle liknar litt på gombe, men er ikkje så mørk på farge og blir servert meir som stykker med “saus” til. I denne oppskrifta blir det brukt råmjølk - mjølk frå ku som nettopp har kalva. Den fyrste mjølka etter kalvinga vart kalla for kode (råmjølk).
Bland kode/råmjølk frå den 1.gongen du mjølkar rett etter kalving, den 2. gongen, den 3.gongen og litt av den 4.gongen.
Kok dette opp i ei gryte. Det vil då “sprekke” til ost og til myse. Det kan etast som suppe med sukker og kanel på om du ynskjer det, og det kan etast både varmt og kaldt. Brun/raud dravle får du når du kokar dravla til ho blir passande brun.
Ein annan måte å koke dravle på er å bruke vanleg H-mjølk (ikkje pasteurisert) og surmjølk. Denne dravla vert ikje så stiv som i den forige oppskrifta, men smaken er ganske lik.
5 liter H-mjølk (ikkje pasteurisert)
1 liter kefirmjølk
50 gram sukker
Litt rømme dersom du vil ha dravla mjuk og fin eller den skal vere til fest
.
Kok opp mjølk og sukker under omrøring i ei gryte. Kok dette godt inn (til ca. halve mengda). Ta ca. 3 dl. av den brunkokte mjølka i ei skål, tøm kefirmjølka oppi gryta og la dette stå og trekke til det brest og stivnar. Set dette til avkjøling og når det er kaldt kan dei 3 dl. du tok av tidlegare, slåast over den kalde dravlen. Då får du ein god saus til.
(Fra Marit Dyrstad sin hjemmeside, Kokebok fra Nordfjord)